Logg inn

Femte-plassar til Vestnes Varfjell i karate-nordisk

F.v. Arne Wallan, Sakura Karateklubb, prosjektleiar for katasatsinga, Oddny Iren Valle (reiseleiar), Mari Karadash (coach), Sindre You Nilsen, Sara Funie Karadash, Jeanet Katrin Gjerde, Julie Kristin Karadash og Sindre Brasetvik, coach. Foto: Vestnes Varfjell Kampsport. F.v. Arne Wallan, Sakura Karateklubb, prosjektleiar for katasatsinga, Oddny Iren Valle (reiseleiar), Mari Karadash (coach), Sindre You Nilsen, Sara Funie Karadash, Jeanet Katrin Gjerde, Julie Kristin Karadash og Sindre Brasetvik, coach. Foto: Vestnes Varfjell Kampsport.

Sist helg vart nordisk mesterskap i karate arrangert i Kolding, Danmark. Med fem gullmedaljer og 21 medaljer totalt vart Norge 4. beste nasjon. Vestnes Varfjell IL Kampsport hadde med fire av tolv i den norske troppen, alle tok sterke 5. plassar.

Dag Jacobsen, sportssjef i Norges Kampsportforbund, gler seg over at både unge og meir erfarne utøvarar fekk ta del i medaljefesten under årets mesterskap. Også Mari Karadash, sportsleg leiar i VVIL Kampsport, er fornøgd.

– Alle våre utøvarar var i bronsefinaler, men det gjekk dessverre ikkje vegen med tanke på medaljer denne gong. Innsats handlar ikkje nødvendigvis om medalje. Vi er opptatt av å sjå personleg utvikling hos våre utøvarar, og eg vil trekke særleg fram vår yngste: Sindre deltok i sitt første internasjonale stemne – då er det ekstra bra å hamne i bronsefinalen. Det er lagt ned stor innsats frå alle involverte i å nå målet om nordisk, og nå bygger vi videre, uttaler ho til Norges Kampsportsforbund si nettside.

Tidligare i år vart det sett i gang eit større satsingprosjekt på kata i Norge. Kata-prosjektet har i haust hatt fokus på dei utøvarane som skulle konkurrere i årets nordiske mesterskap, mellom anna med samling på Vestnes.

Alle deltakarane frå Vestnes gjekk på knepne tap i bronsefinalane sine i disiplinen kata, og basert på poeng vart plassane då slik: I juniorklassen tok Sara Funie Karadash femteplass. I senior-klassen delte Jeanet Katrin Gjerde og Julie Kristin Karadash femteplass, mens Sindre You Nilsen tok femteplass i kadett-klassen.

Geir Stokkeland.

Sist redigerttorsdag, 28 november 2019 11:31