Logg inn

Regional karate-samling på Vestnes kommande helg

Norges Kampsportforbund arrangerer regional samling i karate-disiplinen kumite (fighting) på Vestnes til helga.

Julie Kristin Karadash frå VVIL Kampsport er engasjert av forbundet som forbundstrenar i kumite for Midt-Norge, og skal leie samlinga, som er den andre i sitt slag i haust.

Det er venta utøvarar frå ei rekke klubber i Møre og Romsdal og Trøndelag til Vestnes. Samlingane er populære, og held høgt sportsleg nivå.

Julie har trass sin unge alder (23) rukke å gradere heilt til 3. dan, eksaminator i april i år var Geir Henriksen som sjølv har 7. dan og driv Norges største karateklubb, Mizuchi i Oslo. Ho har solid rutine innan både kumite og kata disiplinane, og var med på det norske kumitelandslaget.

Julie er ni gonger Norgesmeister, og har konkurrert sidan ho var sju år. Ho var med å stifte VVIL Kampsport, og var også med å stifte Molde Shito-ryu Karateklubb. Og ho har deltatt og tatt både gull- og sølvmedaljer i internasjonale stemne i Ishøj i Danmark, Göteborg, og stilartsmeisterskapet i Arad, Romania, sist sommar, for å nemne nokre.

Julie Kristin Karadash er tatt ut til å representerer Norge under Nordisk meisterskap i Kolding, Danmark, helga 22.-24. november. Dit reiser også tre andre utøvarar frå Vestnes Varfjell si karate-gruppe.

Men først er det kumite-samling på Vestnes kommande helg, fredag til søndag.

Geir Stokkeland.

Sist redigerttorsdag, 31 oktober 2019 19:50