Logg inn

Slovakia-besøk for Vestnes Varfjell Karate

Den siste veka har Vestnes Varfjell IL Kampsport hatt besøk av trenarar frå vennskapsklubben i Slovakia. Dei var her for femte gong etter at kontakten vart oppretta.

Kontakten mellom Vestnes og klubben som høyrer heime i Trencin vest i Slovakia kom til i 2014. Då var Maria Karadash og andre frå Vestnes på eit stemne i Ostrava i Tsjekkia, og tok kontakt. Året etter var ei tropp frå Vestnes på sommarleir i Trencin, og kontakten er blitt stadig betre sidan den gong.

I år var Branislav Zubricanak, Jozef Hrusovsky og Klaudia Mickova på Vestnes for femte gong. Utøvarane i VVIL karate var delt inn i grupper etter alder og sportsleg nivå, og trena kvar kveld og dag frå tirsdag til og med søndag. For ein del av troppen ventar fleire stemne gjennom vinteren, som lag-NM i Oslo i november, og for dei som  tenker på å delta var treninga retta inn mot desse.

Under ein seremoni laurdag vart ein formell samarbeidsavtale mellom dei to klubbane signert, den skal legge grunnlag for utvikling vidare av det sportslege i åra framover. Klubben i Trencin er i juni 2020 arrangør av karate-EM i stilarten begge klubbane spesialiserar seg på, shito-ryu. Fleire norske klubbar sender tropper dit, og også Vestnes Varfjell blir representert under EM.

Neste oppgave for karate-utøvarane frå Vestnes er stemnet «Katapokalen 2019», i Molde laurdag 9. november. Helga etter er det lag-NM i Oslo.

Geir Stokkeland.