Logg inn

Medaljedryss for VVIL under karate-stemne i Molde

Medaljedryss for VVIL under karate-stemne i Molde

Gutane og jentene frå Vestnes Varfjell IL Kampsport kom heim med fem gull, fire sølv og seks bronse-medaljar frå det regionale karate-stemnet i Molde i helga.

Årets første i serien på fire stemne kalt Midt-Norsk Cup vart avvikle i Rekneshallen laurdag 9. februar. Klubbar frå Kristiansund i nord til Loen i sør var med. VVIL stilte med ei tropp på 18 aktive, ei av dei største.

Det var ei rekke jamne og tette kampar i både kumite (fighting) og kata (mønster), nivået er blitt merkbart høgare blant klubbane dei siste få åra. Tresfjord Karateklubb hadde også med ei god tropp og tok fleire medaljar.

VVIL hevdar seg svært bra både i regionen og på nasjonalt nivå. Medaljeoversikt VVIL:

Sindre You Nilsen: Gull både i kata og kumite, menn ungdom 12-13 år
Celina Solbakken Sandnes: Sølv, kata kvinner ungdom 12-13 år
Vilde Tomren: Gull, kumite kvinner og bronse, kata kvinner ungdom 12-13 år
Eljana Ann Stokkeland: Bronse kumite kvinner 12-13 år
Emmi Louise Bøen: Sølv kumite kvinner ungdom 12-13 år, og bronse kata kvinner 12-13 år
Alice Lien Engeset: Sølv kata kvinner kadett 14-15 år
Elin Karine Klausen: Bronse både i kata og kumite, kvinner kadett 14-15 år
Inda Saidi: Gull kata, og bronse kumite kvinner kadett 14-15 år
Michael Solbakken Sandnes: Gull kumite og sølv kata, menn kadett 14-15 år

Geir Stokkeland (Tekst og foto).

 

Sist redigertmandag, 11 februar 2019 13:09