Logg inn
Geir Stokkeland

Geir Stokkeland

Gull til Vestnes i karate-NM

Vestnes Varfjell IL Kampsport kjem heim med elleve medaljar frå karate-NM i Sarpsborg. Jeanet Katrin Gjerde sikra seg gullmedalje i klassen kata kvinner U21 18-20 år. I den samme klassen tok Sara Funie Karadash sølv, og sikra Vestnes-klubben dobbelt.
I tillegg sikret Jeanet seg et ekstra sølv, ho tapte superfinalen i kata med knapp margin - 22,88 mot 22,92 poeng.

Medaljane fordelte seg med eitt gull, fire sølv og fem bronse. William Alexander Gjelsten tok tre medaljer, sølv i kumite menn U21 -75 kg og kata menn U21 18-20 år, og bronse i kumite menn senior +18 år -75 kg. Julie Kristin Karadash bronse i kata kvinner senior +18 år. Sindre You Nilsen sølv i kumite menn kadett 14-15 år -52 kg og bronse i menn kadett 14-15 år.

Eljana Ann Stokkeland bronse i klassen kvinner ungdom 12-13 år, og Vilde Tomren bronse i kvinner kadett 14-15 år. Vestnes stilte med ei tropp på ti utøvarar.

Geir Stokkeland.

Medaljer til Vestnes under karate-NM

NM i karate individuelt er i Sarpsborg i dag. Vestnes Varfjell IL Kampsport har med ei tropp på ti aktive, og har sikra seg fire medaljer i dei første øvingane i disiplinen kata laurdag formiddag. Eljana Ann Stokkeland fekk bronse i klassen kvinner ungdom 12-13 år, her vann Mina Lie, Sentrum Karateklubb. Kvinner kadett 14-15 år her tok Vilde Tomren frå VVIL bronse, gull til Marion Wester, Mizuchi KK. Emmi Louise Bøen på 7. og Elin Karine Klausen på 9. plass, begge frå Vestnes.

Menn U21 18-20 år vart det sølv til William Alexander Gjelsten, VVIL. Gull til Ventor Gjuka, Mizuchi KK frå Oslo. Menn kadett 14-15 år her tok Sindre You Nilsen, VVIL bronse. Gull til Cornelius Fykse Johnsen, Mizuchi KK. Nr 7 Leander Hauglid Skjegstad, Møre KK (tidlegare Tresfjord KK).

NM held fram utover dagen med fleire klassar, også i kumite.

Geir Stokkeland.

Vestnes Varfjell til karate-NM med ti aktive.

Vestnes Varfjell IL Kampsport stiller med ei rekordstor tropp på ti aktive under karate-NM individuelt i Sarpsborg kommande helg.

Dei siste åra har VVIL etablert seg stabilt som den fjerde beste klubben på medaljestatistikken i NM og andre nasjonale stemne, berre slått av dei større klubbane i Oslo-området. Også under tilsvarande NM for eit år sidan kom klubben heim til Vestnes med fleire medaljar, håpet er å gjere det bra også i år.

Troppen reiser med fly og tog via Oslo fredag, NM i Sarpsborghallen er laurdag. Først på dag er det kampar i kata (mønster), etter lunch i kumite (fighting). Laurdag kveld er det NM-bankett.

Dei siste par vekene har NM-deltakarane terpa detaljar med trening kvar dag i dojo i Vestneshallen. Bak f.v. William Gjelsten, Sindre You Nilsen, Jarl Kristian Gjerde (coach), Emmi Louise Bøen, Julie Kristin Karadash, Sara Funie Karadash og Alice Lien Engeset. Framme f.v. Framme f.v. Vilde Tomren, Elin Klausen og Eljana Ann Stokkeland. Også NM-klar: Jeanet Katrin Gjerde (ikkje på bildet).

Utanom utøvarane stiller VVIL Kampsport også med Mari N. Karadash som dommar, dessutan coachar og reiseleiarar.

Geir Stokkeland.

Vellykka karate-samling på Vestnes 22-23. februar

Vellykka karate-samling på Vestnes

Forrige helg var det for tredje gong kumite (fighting) regionsamling for Midtnorge i regi av Norges Kampsportsforbund. Samlinga i Vestneshallen vart leia av Julie Kristin Karadash. Vestnes Varfjell IL Kampsport stod som teknisk arrangør.

Forbundstrenar Julie Kristin Karadash seier at det er mange talent i regionen, og fleire vil nå langt om treningsvilje og motivasjon ikkje forsvinn. - Vil du satse, må du ta ansvar og trene mykje på eigen hand. Det er ikkje nok med klubbtreningar og regionale samlingar for den som verkeleg vil satse på kumite, seier den tidlegare landslagsutøveren. – Kommune og klubb må tilrettelegge med treningsfasilitetar om det skal lykkast, legg hun til.

Julie meiner at tidleg inkludering av dei yngste er viktig, og har valt å invitere dei minste i alderen 7-11 år til sine samlingar. Regionsamlings prosjektet har eigentleg ikkje dei yngste som fokusgruppe. For å klare å gje eit godt tilbud til alle, har Julie fått med Gjermund Kvernmo Langset som hjelpetrenar på samlingane.

Deltakende klubbar denne gongen var Møre Karateklubb, Molde Shito ryu karateklubb og Vestnes Varfjell IL Kampsport.

Positiv og lærerik kumitehelg på Vestnes, og stas med lunch servert av ein lokal butikk på Vestnes. Neste samling med Julie Kristin Karadash blir i Molde 20.-22. mars.

Geir Stokkeland.

Femte-plassar til Vestnes Varfjell i karate-nordisk

Sist helg vart nordisk mesterskap i karate arrangert i Kolding, Danmark. Med fem gullmedaljer og 21 medaljer totalt vart Norge 4. beste nasjon. Vestnes Varfjell IL Kampsport hadde med fire av tolv i den norske troppen, alle tok sterke 5. plassar.

Dag Jacobsen, sportssjef i Norges Kampsportforbund, gler seg over at både unge og meir erfarne utøvarar fekk ta del i medaljefesten under årets mesterskap. Også Mari Karadash, sportsleg leiar i VVIL Kampsport, er fornøgd.

– Alle våre utøvarar var i bronsefinaler, men det gjekk dessverre ikkje vegen med tanke på medaljer denne gong. Innsats handlar ikkje nødvendigvis om medalje. Vi er opptatt av å sjå personleg utvikling hos våre utøvarar, og eg vil trekke særleg fram vår yngste: Sindre deltok i sitt første internasjonale stemne – då er det ekstra bra å hamne i bronsefinalen. Det er lagt ned stor innsats frå alle involverte i å nå målet om nordisk, og nå bygger vi videre, uttaler ho til Norges Kampsportsforbund si nettside.

Tidligare i år vart det sett i gang eit større satsingprosjekt på kata i Norge. Kata-prosjektet har i haust hatt fokus på dei utøvarane som skulle konkurrere i årets nordiske mesterskap, mellom anna med samling på Vestnes.

Alle deltakarane frå Vestnes gjekk på knepne tap i bronsefinalane sine i disiplinen kata, og basert på poeng vart plassane då slik: I juniorklassen tok Sara Funie Karadash femteplass. I senior-klassen delte Jeanet Katrin Gjerde og Julie Kristin Karadash femteplass, mens Sindre You Nilsen tok femteplass i kadett-klassen.

Geir Stokkeland.

VVIL's Kampsport på Lag NM og NorgesCup

VVIL Kampsport har i helga sju utøvere med i lag-NM og Norgescup i Voksenhallen i Oslo. Neste helg er det Nordisk mesterskap i Kolding, Danmark, der vår klubb har med fire i troppen. Det er en stor bragd for klubben at Norges Kampsportsforbund har tatt ut 4 av våre utøvere til Nordisk i Danmark 22.-24. november. Vestnes Varfjell Kampsport er den eneste klubben i landet med flest utøvere  i karategrenen kata til Nordisk. Det er en utrolig sterk prestasjon sammenlignet med store klubber i byene og forøvrig ellers i landet.

Geir Stokkeland

Regional karate-samling på Vestnes kommande helg

Norges Kampsportforbund arrangerer regional samling i karate-disiplinen kumite (fighting) på Vestnes til helga.

Julie Kristin Karadash frå VVIL Kampsport er engasjert av forbundet som forbundstrenar i kumite for Midt-Norge, og skal leie samlinga, som er den andre i sitt slag i haust.

Det er venta utøvarar frå ei rekke klubber i Møre og Romsdal og Trøndelag til Vestnes. Samlingane er populære, og held høgt sportsleg nivå.

Julie har trass sin unge alder (23) rukke å gradere heilt til 3. dan, eksaminator i april i år var Geir Henriksen som sjølv har 7. dan og driv Norges største karateklubb, Mizuchi i Oslo. Ho har solid rutine innan både kumite og kata disiplinane, og var med på det norske kumitelandslaget.

Julie er ni gonger Norgesmeister, og har konkurrert sidan ho var sju år. Ho var med å stifte VVIL Kampsport, og var også med å stifte Molde Shito-ryu Karateklubb. Og ho har deltatt og tatt både gull- og sølvmedaljer i internasjonale stemne i Ishøj i Danmark, Göteborg, og stilartsmeisterskapet i Arad, Romania, sist sommar, for å nemne nokre.

Julie Kristin Karadash er tatt ut til å representerer Norge under Nordisk meisterskap i Kolding, Danmark, helga 22.-24. november. Dit reiser også tre andre utøvarar frå Vestnes Varfjell si karate-gruppe.

Men først er det kumite-samling på Vestnes kommande helg, fredag til søndag.

Geir Stokkeland.

Slovakia-besøk for Vestnes Varfjell Karate

Den siste veka har Vestnes Varfjell IL Kampsport hatt besøk av trenarar frå vennskapsklubben i Slovakia. Dei var her for femte gong etter at kontakten vart oppretta.

Kontakten mellom Vestnes og klubben som høyrer heime i Trencin vest i Slovakia kom til i 2014. Då var Maria Karadash og andre frå Vestnes på eit stemne i Ostrava i Tsjekkia, og tok kontakt. Året etter var ei tropp frå Vestnes på sommarleir i Trencin, og kontakten er blitt stadig betre sidan den gong.

I år var Branislav Zubricanak, Jozef Hrusovsky og Klaudia Mickova på Vestnes for femte gong. Utøvarane i VVIL karate var delt inn i grupper etter alder og sportsleg nivå, og trena kvar kveld og dag frå tirsdag til og med søndag. For ein del av troppen ventar fleire stemne gjennom vinteren, som lag-NM i Oslo i november, og for dei som  tenker på å delta var treninga retta inn mot desse.

Under ein seremoni laurdag vart ein formell samarbeidsavtale mellom dei to klubbane signert, den skal legge grunnlag for utvikling vidare av det sportslege i åra framover. Klubben i Trencin er i juni 2020 arrangør av karate-EM i stilarten begge klubbane spesialiserar seg på, shito-ryu. Fleire norske klubbar sender tropper dit, og også Vestnes Varfjell blir representert under EM.

Neste oppgave for karate-utøvarane frå Vestnes er stemnet «Katapokalen 2019», i Molde laurdag 9. november. Helga etter er det lag-NM i Oslo.

Geir Stokkeland.

Midt-Norsk Cup i karate på Vestnes 29.09

Laurdag 28. september 2019 arrangerte Vestnes Varfjell IL Kampsport det tredje regionale karatestemnet for Midt-Norge i år, «Midt-Norsk Cup 3». 72 deltakarar frå Rørvik i nord til Tresfjord og Vestnes i sør kjempa i disiplinane kata og kumite.

Det kom også utøvarar frå klubbar i Kristiansund og Molde. Dei yngste konkurrerte først, klassen 7-11 år. Utover dagen heldt dei eldre klassane frå 12 år til og med senior fram.

Gjennom eit omfattande kampprogram viste alle fram eit godt sportsleg nivå, fullt på høgde med det  ungdom frå andre delar av landet er på. Nytt i år på Vestnes var lag-kata, der to lag frå VVIL Kampsport kjempa i Åpen klasse +12 år.

I midten av november er det NM i lag-kata i Oslo, dit sender Vestnes Varfjell ei større tropp. Det var mykje publikum i Vestneshallen, og arrangøren håper alle hadde det triveleg med ivrige utøvarar!

Geir Stokkeland.

 

Stor VVIL-tropp på karate kick-off i Oslo

Vestnes Varfjell IL Kampsport var representert med 11 utøvarar, ein dommar og to coachar under kampsportsforbundet sitt karate haust kick-off i Oslo sist helg. Samlinga var i historiske Bjølsenhallen.

Her møttest utøvarar frå heile landet til å lære av kvarandre på eit høgare nivå enn dei oftast har i dei lokale klubbane, trene og øve, og høyre meir om suksess-kriterier for å lykkast på nasjonalt og internasjonalt nivå. Til Oslo var utøvarar frå det tyrkiske landslaget invitert, dei har gjort det skarpt i karate-VM.

Kick-off samlinga begynte fredag med kurs for trenarar og coachar, før teori og praktisk trening heldt fram dei andre dagane. Søndag var det også uttak til Nordisk meisterskap, som er i Kaunas i Litauen i november. Frå VVIL var tre utøvarar førehands kvalifiserte til Nordisk, Julie Kristin og Sara Funie Karadash, og Jeanet Katrin Gjerde, etter at dei nådde finalane i NM individuelt sist.

Sindre You Nilsen vann sin ungdomsklasse under NM, men hadde bursdag rett etter og bytta til høgare aldersklasse. Derfor måtte han gå ny kvalifisering i Oslo no, og klarte det fint. Alle fire er dermed kvalifiserte til Nordisk, og klubben frå Vestnes kan stille med rekordmange deltakarar.

Seinare i september arrangerer VVIL Kampsport det første av haustens regionale stemne, midt-Norsk Cup 1. Det går i Vestneshallen laurdag 28. september med deltaking av ei rekke klubbar i Midt-Norge. Same helga er det såkalla kumite-samling i hallen, som del av kampsportforbundet si satsing på å heve nivået i disiplinen kumite innan karate. Julie Kristin Karadash er engasjert som regional forbundstrenar i kumite, og leiar samlinga.

Geir Stokkeland (tekst & foto).

 

Abbonér på denne nyhetsmatingen