Logg inn

Karate Øvingshelg i Vestneshallen 21-23 april.

I helga var utøvarane i Vestnes Varfjell Karate samla til øvingshelg med Geir Henriksen i dojo i Vestneshallen.

Geir Henriksen er ein av Norges mest rutinerte og meritterte innan karate. Han har sidan 1971 hatt ei lang karriere som utøvar, trenar, landslagssjef i Norge og Danmark, og som dommar innan kampsporten. Han har trent utøvarar fram til medaljar i ei rekke internasjonale meisterskap, 19 kongepokalar og 375 NM-gull. Det var difor ein kapasitet med svart belte og grad av 7. dan, og med evne til å tilføre karate-utøvarane i Vestnes ny kunnskap som kom på besøk.

Frå fredag til søndag var det trening i kampsport-avdelinga sin eigen dojo i Vestneshallen. «Dojo» er omgrepet for treningsrommet som blir brukt til kampsport. Vestnes Varfjell Kampsport omfattar to ulike stilartar innan kampsport, med karate i fleirtal med om lag 40 aktive i dag, fortel Mari N. Karadash, som er leiar i avdelinga.

Geir Henriksen let seg imponere av den gode lokale dugnadsånda i klubben: - Det er høg sosial profil på arbeidet som blir drive, eg likar veldig godt dei mange eldsjelene, sier Henriksen. – Det tekniske nivået blant utøvarane er også høgt. Eg vart godt kjent med Vestnes Varfjell Kampsport denne helga, oppsummerer han, etter eit triveleg opphald der lunch for utøvarar og foreldre begge dagar inngjekk i programmet. Tusen takk til Rema 1000 på Vestnes, som sponsa brødmaten til lunchen!

Mari N. Karadash opplyser at medlemstalet aukar jamt, og at det plass til fleire. Det blir trena kvar tirsdag og torsdag i Vestneshallen.

Kampsport har eit eige forbund i Norge, som er ein paraply for ulike stilartar. Det blir fort mange tekniske ord og uttrykk. – Sjølv er eg dagleg leiar for Mizuchi Karateklubb, som eg var med å grunnlegge i 1977, fortel Geir Henriksen. – I tillegg er eg leiar for Inoue Ha Norway, som representerar ein av fleire stilartar som har samarbeidsavtale med kampsportsforbundet. Geir Henriksen mottok Akershus Idrettskrets sin frivilligpris i 2004, og «Idrettens Ildsjelpris» i Bærum kommune to år etter.

Geir Stokkeland.

Sist redigerttirsdag, 25 april 2017 14:41
Mer i denne kategorien « Sterk VVIL-innsats under karate-NM
Byger

5°C

Vestnes

Byger

Luftfuktighet: 83%

Vind: 33.80 km/h

  • Rain
    03 Jan 2019 6°C 4°C
  • Byger
    04 Jan 2019 7°C 6°C